TILDELING FRÅ KUNSTNERHUSETS FOND FOR 2022:

 

Akkerhaugen Rocksamfunn får 100.000 kroner i støtte frå Kunstnerhusets fond.


Kunstnerhusets fond deler ut 100.000 kroner i prosjektstøtte til Akkerhaugen Rocksamfunn som bidrag til å kunne gjennomføre markeringa av 40 år som brukarstyrt øvingsfellesskap for lokale band og artistar, etter kvart også med eiga konsertscene.

40-årsmarkeringa er ambisiøs og omfattande, og i tillegg til sjølve jubileumsarrangementet 12. november skal ARS digitalisere eit rikhaldig lyd-, bilde- og videoarkiv, etablere varige lytteboksar med gammal og ny musikk, lage ein dokumentarfilm, utvide lokalet med ny scene og avduke statuen over Lars Elvestad, som Knut Odden laga på oppdrag frå rocksamfunnet.

Dermed er ikkje dette berre eit enkeltarrangement, men eit bidrag både til å dokumentere viktig historie og gjere denne levande og tilgjengeleg for publikum også framover i tid.

Akkerhaugen Rocksamfunn, som heilt ut blir drive gjennom frivillig innsats, spelar ei viktig rolle for å utvikle nye og etablerte musikarar. Medlemmene opparbeider også verdfull kunnskap innan felt som lyd, lys, økonomi, marknadsføring og kultur- og lokalpolitikk.

Rocksamfunnet held til på Akkerhaugen stasjon som dei er i ferd med å utvikle til eit kulturhus som spelar ei viktig rolle i lokalsamfunnet.

 

Juryen for Kunstnerhusets fond i 2022 har vore: Runaug Venås, Liv Andrea Mosdøl, Solveig Svardal, Arne Svalastog.

 

For meir informasjon:
Styret for Kunstnerhusets fond:
Solveig Svardal, mobil 901 80 594
Arne Svalastog, mobil 906 52 901
Akkerhaugen Rocksamfunn v/Bjørn Arve Skjeslien, mobil 911 99 979

Om Kunstnerhusets fond