TILDELING FRÅ KUNSTNERHUSETS FOND FOR 2021:
Kunstnarane Christiane Lieungh og Johanne Birkeland får 100.000 kroner i støtte frå Kunstnerhusets fond for 2021.
Et hus med hage er eit nyskapande og originalt prosjekt som stiller spørsmål ved korleis vi lever, kva for strukturar som ligg til grunn for kvardagen vår, ønskja og draumane om den. Eit hus med hage er noko dei fleste av oss kan relatere oss til, som kan engasjere oss, og slik bidra til å auke interessa for kunst i lokalsamfunnet. Christiane Lieungh (1982) er fødd og oppvaksen i Bø, og har deltatt i, skapt og initiert fleire større kunstprosjekt, også i Midt-Telemark. Ho er kjend for å utvikle kunstneriske plattformer på «ikkje-stader», som andre kunstnarar og nye publikumsmassar får ta del i. Johanne Birkeland (1984) er busett i Vestfold. Teknikkane varierer mellom skulpturelle objekt, tekst og installasjon, kollasjar og fotografi, ofte med et stadspesifikt eller relasjonelt tilsnitt.
For meir informasjon:
|
|