TILDELING FRÅ KUNSTNERHUSETS FOND FOR 2020:

 

Komponisten og musikaren Jo David Meyer Lysne får 100.000 kroner i støtte frå Kunstnerhusets fond for 2020.


Styret for Kunstnerhusets fond har vedtatt å dele ut 100.000 kroner i prosjektstøtte til Jo David Meyer Lysne for komponering og urframføring av slagverkskonserten Våtmark, basert på feltopptak av fuglesong i Årnesbukta.
Våtmark er eit nyskapande og originalt prosjekt frå ein av Nordens mest lovande unge komponistar og musikarar, som har interessert seg for rytmikken i songen til ulike fugleartar. I prosjektet Lysne vil gjennomføre vil han undersøke og dokumentere lydskilnadar i dialektane til ulike fugleartar i Årnesbukta Naturreservat. Feltopptaka av fuglesongen skal saman med «mekaniske fuglar», laga av søppel og gjenstandar frå området rundt bukta og som er programmerte til å spele fuglesongens rytmikk, utgjere grunnlaget for ein heilt ny slagverkskomposisjon.
Verket vil bli urframført av David Timme Cariano, «mekaniske fuglar» og elektronikk (førehandsinnspelte feltopptak) våren 2021.
Timme er ein tysk/portugisisk slagverkar og paukist med særleg interesse for samtidsmusikk.

Lysne er frå Bergen, bur og arbeider i Oslo, og har besøkt Årnesbukta med jamne mellomrom dei siste åra

 

For meir informasjon:
Styret for Kunstnerhusets fond:
Solveig Svardal, mobil 901 80 594
Arne Svalastog, mobil 906 52 901


Komponisten og musikaren Jo David Meyer Lysne, mobil 412 69 363
www.jodavidmeyerlysne.com

Om Kunstnerhusets fond