KUNSTNERHUSETS FOND

Utlysing av prosjektstøtte for 2023 - 2024.

 

I 2023 skal det, for femte år på rad, delast ut prosjektstøtte frå Kunstnerhusets fond. Det kan delast ut inntil kr. 100.000,- til eitt eller fleire prosjekt.

Fondet har sin bakgrunn i at Kunstnerhusets forening på Gvarv i Telemark blei lagt ned og solgt. Huset var i mange år ein møteplass for kunstnarar og kunstinteresserte, med aktivitetar og utstillingar. Her møttest biletkunst, kunsthandverk, musikk og litteratur, ofte i samarbeid på tvers av fagområda.

Styret i Kunstnerhusets fond vil med dette invitere kunstnarar innanfor eit vidt felt, til å søkje om middel frå fondet. Vi ønskjer frie rammer for kva det kan søkjast om, som eksempel kan nemnast utstillingar, performance, land-art, konsertar, bokprosjekt eller workshop. Vi oppfordrar til samarbeidsprosjekt, gjerne på tvers av ulike kunstformer, og gjerne prosjekt som med basis i kunstnarisk verksemd skapar ein viktig møteplass.

Prosjekta må vere nye, gjerne også nyskapande. Vilkår for tildeling frå fondet er at prosjektet blir ferdigstilt innan utgangen av 2024, og presentert innanfor grensene til Midt-Telemark kommune. Det er eit mål for fondet at prosjekta skal bidra til aktivitet lokalt, men søkjaren treng ikkje sjølv ha bakgrunn i området.

Tidlegare har følgjande fått prosjektstøtte:
2019: kr 100.000,- til bildekunstnaren Morten Slettemeås.
2020: kr 100.000,- til komponisten Jo David Meyer Lysne.
2021: kr 100.000,- til samtidskunstnarane Christiane Lieungh og Johanne Birkeland.
2022: kr 100.000,- til Akkerhaugen Rocksamfunn.

Søknaden må innehalde: Prosjektskisse med budsjett og arbeidsplan, CV/referanser, evt web-sider.

For spørsmål. ta kontakt med:
Solveig Svardal, mobil 901 80 594, epost svardal@mac.com
Arne Svalastog, mobil 906 52 901, epost arnesvalastog@gmail.com

Søknad sendast til Kunsterhusets fond v/Solveig Svardal. Fondet ønskjer helst søknad på epost: svardal@mac.com, evt på papir til Solveig Svardal, Gamlegata 14, 3810 Gvarv.

Søknadsfrist: 1. mai 2023.